Samandrag.

 

I denne presentasjonen viser eg noko av det eg arbeider med i dag, og frå arkiv tilbake til 90-talet
Dette er sett saman i tidsperiodar og serier. Enkelte av desse periodane overlappar kvarandre og viser såleis ikkje ei tidslinje.

 

ANDROMEDA har eg brukt som tittel på ein serie som eg arbeidde med frå 2000-2003.
Andromeda er et av dei første stjernebilda som fekk  namn. Andromeda var dotter av Kassiopeia og Kefevs, herskarar over det gamle Etiopia. Mytologien omkring henne er rik og mangfaldig.
Andromeda har gjeve namn til galaksen Andromeda som er av dei mektigaste himmellekamar. Galaksen ligg i stjernebildet som ha same namn.
Andromedagalaksen er lett å finne, og kan sjåast med berre auga på ein mørk himmel.
Andromedagalaksen vil kollidere med vår galakse ein gong i framtida. Dei vil smelte saman og gå opp i kvarandre og på den måten skape nye stjerner og konstellasjonar.

 

CYMBAL er eit av dei eldste slagverksinstrument i verda. Det har er ofte assosiert til religiøse ritualer og bøn. Det har også vore mykje brukt i dans som et rytmisk element.
For meg er «Cymbal» blitt til ein serie med spontane og meir tilfeldige resultat. Ein prosess som eg har hatt  stor glede av.

 

Siste 5 åra har eg prøvd å gå inn i naturen eg kjem frå – eg ønskjer å finne fram til motiv og uttrykk som eg kjenner – stader med karakter, former, overflate og spor av historie. Deler av dette tek eg opp i serien TOME, GRANDE  og AKURA. (2013 – 2015).
Dette er namn på slike stader og fenomen. 

 

TOME  er ein vertikal fjellvegg som ligg inn mot Jostedalsbreen. Omlag fem kilometer lang og 1600m høg. Grunnen til namnet «Tome» er at fjellsida er utan vegetasjon. Fjellveggen går frå dalmunningen og innover mot breen. Fjellsida er naken og glatt og varierer i form og utsjånad  langsetter. Den er nordvendt og skuggelagd  med ein tydeleg og variert profil langs himmelranda. Området tilhøyrer på sin måte ein del av fjordlandskapet som strekkjer seg mot kysten i vest. Langs denne veggen ser ein spora av isen som ha slipa av fjellet i ei horisontal rørsle. Det er «abstrakt» som ei billedflate utan referansar til det gjenkjennelege.
Frå fjellfoten og utover ligg avsetningar av grus breslam, sediment og restar av vegetasjon.

 

GRANDE. Botnen eller slettene vert kalla ein grande. Avsetningane ligg i lag og der fins spor etter tidlegare vegetasjon frå ein varmeperiode då breen stort sett var nedsmelta.
Eg har her og brukt sirkelformatet for dette motivet. Det fall naturleg. Eg kjende og på den måten assosiasjoen til å bore seg gjennom lag for å finne motiv i det.
Slik ser eg og oppmålingar og utsnitt i landskapet. Ei omramming/avgrensing av ein stad eller eit felt gjev meg tydlegare innsyn i det.
Det kjem fram eit tilfang som det elles er lett og oversjå. Samtidig er det ein inspirasjon i å overføre det til mitt medium og vise mi oppleving av det.
Slik blir leiting etter nye oppkome og nye funn ei utfordring for meg. Likeeins registreringa og gjenfortellinga av det eg fann.
Det er dette eg er ute etter.

 

AKURA ber bodskap om det evige i vatnet sitt arbeid. Ho syner oss og den brutale og brå endringa som og kan finne stad.
Vatnet kjem frå breen, om lag 1700 m over havet og har greve seg inn i fjellsida. Akura viser seg fram stykkevis nedover. Variasjonen i høve til nedbør kan vere stor, men turvande. Når ho seinare stilnar er vegen ned opnare. Tilsiget er jamt, men i den siste tida har det tidvis blitt borte sidan breen har trekt seg attende, blitt mindre og ei meir upåliteleg kjelde for Akura.
Seinvinteren kan vere dramatisk. Vatnet har frose til is og ligg som ei glatt hinne langs heile nedlaupet. Når snøen bakpå breen blir tilstekkeleg våt og tung løsnar han. Snøen må gjennom ei trang kløft før den i neste omgang fell fritt om lag tusen meter ned.
Dette er ei anna Akura.
På seinsumaren er Akura eit vakkert motiv som ei sildrande kvit stripe mot den mørke veggen. Om våren er alle spor i fjellsida etter nedfarten borte.

 

BLOM

 

PROSJEKT

Frå 1990 deltok eg også på ei rekkje kunstprosjekt knytta til utvalde stader og område, landskap og arkitekur, og der dette la grunnlag for det som skulle finne stad.
«i» frå 1990 var ein slik stad – eit avvikla slakteri der eg og to andre kunstnarar fikk våre rom til å arbeide i.
«PRESENT» og «OVERGANG» – 1993 og 1997 – var internasjonale fellesprosjekt med 10-15 deltakarar i kvart. Present var ein del av OL-94 sitt kulturprogram. Prosjektet var lagt til  Mårådalen i Skjåk med presentasjon av arbeida i Lillehammer Kunstmuseum etterpå.
Overgang fann stad i fjellområdet Raudalen mellom Oppland og Sogn og Fjordane.
I 14 dagar gjekk deltakarane inn i dette landskapet med forskjellige arbeid og tilnærmingar til det.
«ZOOART», 1994,  gjekk for seg i ein zoologisk hage i sentrum av Poznan, Polen.
«TAIVALKOSKI  WORKSHOP», 1996, i tettstaden Tailvalkoski, nord i Finland.

 

UTSMYKNING

 

Frå 1:1 og oppover. I målestokk 1:1 er bilete det same som utsnittsflata. Grunnlaget for utføringa et foto og teikningar/skissar. I tillegg ymse vegetasjon og sediment. Slike arbeid har eg tidlegare utført gjennom serien «Akura». Motiva som eg nyttar i dag tek eg frå den vertikale flata – spor i flata etter påverknader over tid. Dette landskapet har lenge inspirert meg. Både som billedmotiv og i ei arkeologisk tilnærming. Eg er oppteken av korleis tida er til stades i landskapet. Som i ein eigen dimensjon i høve til korleis vi opplever og tolkar det vi ser. Alt frå time – døgn – sekel – og til dei fenomen som har skapt oss og dette landskapet vi er ein del av. Over tid har også vår påverknad i dette landskapet vist seg. Vårt tidsrom er ikkje ein del av naturen sitt tidsrom. Vedlegg: Fire felt sett saman til eit verk. Kvart på 120x30cm. Til saman 120x132cm. Arbeidet er montert mot grå vegg. Titel «Akura #4», 2014 Feltutsnitt, 200x200cm. Foto. Biletet er under utarbeiding. Titel «Kjiakl
NAPEN er ein rygg skapt av møtet mellom to breelvar som har gravd deg ned på kvar side før dei samla seg til eitt.
Det er eit «ikkjelandskap». Han er like usjåeleg og underordna som uttalen på namnet – på eit vis. Skredskogen gjer han utilgjengeleg frå alle sider.
Kvart vinter blir han slegen flat av Napefonna som kneiser truande i søraust.
Eg  har sympati med Napen.

 

AKURA er ei lavine.

 

Spor etter menneske er det også her.Gravhaugar og steinstøtter viser dette.
Dette har truleg vore i eit varmare klima då Akura ikkje gjekk.

Akura som motiv og «studieobjekt» har eg brukt i tidlegare prosjekt.
Denne serien er frå 2013.
Eg arbeider no med utsnitt av desse motiva i målestokk 1:1 – billedfata er i same storleik som «motivet». Ei «omramming» av flata for å sjå kva som fins innanfor denne.
Ei slags arkeologisk tilnærming til motivet.

 

I tillegg ei rekkje andre tilsvarande prosjekt som det framgår av vitaliste.

 

Jan Egge